Meny



Kontakt

Trallfav. 6
POB 445,
4349 Bryne
Telefon 51 77 88 00
Telefax 51 77 88 01
E-Post time-vgs@rogfk.no

Webredaktør:
Ståle Madland Schjelderup
Ansvarlig redaktør:
Lars Tore Helgeland, rektor.






Øksnevad inn i
ny stor skule?

onsdag 18. november 2009 | Ingen kommentarer »

Øksnevad vgs (Foto: Rogaland fylkeskommune)Opplæringsutvalet i fylket vedtok tirsdag formelt at dei vidaregåande skulane Bryne og Time skal bli ein skule. Skal Øksnevad også med i den nye storskulen på Jæren?

Framstegspartiet fekk utvalet med på å be om utgreiing av fordeler og ulemper ved å leggja alle dei tre vidaregåande skulane på Jæren inn under ein administrasjon i samband med bygging av ny vidaregåande skule.

– Når vi først slår saman to skular, bør vi sjå på heile skulestrukturen på Jæren og finna ut om det også kan vera lurt å leggja vesle Øksnavad inn under den nye skulen, sier Trond Birkedal (FrP).

– Skulle det skje, vil uroa rundt flytting av anleggsklassar verta ei intern sak for skulen, men dette er ikkje grunnen til forslaget, seier han.

Fylkestinget skal handsama saka 8.-9. desember.

Legg igjen en kommentar