Meny



Kontakt

Trallfav. 6
POB 445,
4349 Bryne
Telefon 51 77 88 00
Telefax 51 77 88 01
E-Post time-vgs@rogfk.no

Nettredaktør:
Otto Alsaker Prestmo
Ansvarlig redaktør:
Sølvi Jacobsen Waldeland, rektor.  

  


  

 


  


 

– Feil å stenge tilgang til Facebook

tirsdag 2. november 2010 | Ingen kommentarer »


Dei videregåande skulane i Vestfold stenger tilgangen til Facebook i timane, og fleire lærarar på desse kantar ønskjer det same.  – Heilt feil, seier Arne Olav Nygard, som forskar på bruk av digitale medier i læring.

I Rogaland er utfordringa med elevane sin nettbruk i timane svært aktuell. Alle har eigen bærbar datamaskin og skulane byr på trådlause nettverk. Men elevar og lærarar har blitt lite førebudd på utfordringane dette førte til.

LURAR LÆRAREN
«Facebook e ei kjekke siå så eg side på heile dagen… det e dritløye når læraren ikkje vet noge. Drit fun.»

Sitatet er frå eit blogginnlegg som ein Time-elev skreiv denne hausten (klikk på biletet). I Vestfold løyser dei no slike problem med å stenge tilgangen til Facebook og andre sosiale medier.

NRK melder at fylkeselevrådet er samde i tiltaket, som kom i stand etter klage frå lærarar.

FEIL Å STENGE
– Dette er feil løysing, seier ein oppgitt Arne Olav Nygard. – Eller i alle fall aller siste løysing etter at alle andre forsøk på å få kontroll i klasserommet slår feil.

Nygard skriv for tida doktoravhandling om bruk av digitale medier i læring. Han har 15 år bak seg som lærar i den vidaregåande skulen.

– Eg har vanskeleg for å tru at lærarar ikkje kan be elevane slå av datamaskinane når det trengs.

– Men i Vestfold er elevane sine repesentantar samde i at dei stenger tilgangen til sosiale media. Tyder ikkje det at tiltaket er riktig?

DIGITAL LAUSDRIFT
– Ungdommane er gitt datamaskinar og deretter slepte fri i den digitale verda. Dei ser at dei har problem med å setje grenser for seg sjølve. Men er det sikkert at elevane veit kva dei treng?

I staden for nedstenging og kontroll bør elevane få hjelp til rett bruk av nettressursane, og rettleiing til å setta bruken inn i rette rammer, meiner Nygard.

– Me må sjå på dei unge som ansvarlege individ, som treng hjelp i å skilje kva som er skitt og kanel på nettet.

Elevane skal lære digital kompetanse i alle fag, seier læreplanane. Då må lærarane møta den digitale kvardagen slik han er, ikkje slik nokre av oss skulle ønskje han er.

PEDAGOGISK PROBLEM
Nygard meiner det vil ikkje vil lykkast når skuleleiinga freistar å løyse eit pedagogisk problem med teknokogi, utan sjølv å tilpasse seg dei digitale utfordringane vi alle lever med.

Det vil ta elevane få minutt å koble seg opp til Facebook via ein proxy-servar i USA, og då er både elavar og lærarar i Vestfoldingane like langt, seier han.

Lærarar har sitt eige digitale nettverk, del & bruk (d&b). I ein diskusjon på d&b om korleis ein skal hindre Facebook-bruk i timane synest det å være semje om at lærarane må jobbe med tydeleg klasseleiing, men óg at dei bør ansvarleggjera elevane og ta dei med i samtale om problemet.

Lærarane meiner óg at variasjon i undervisninga vil kunne hjelpe.

VARIERT UNDERVISNING
Time-elevene Victoria, Marta og Anette synest det er lett å ramle innom Facebook hvis undervisninga blir einsformig.

– Det som held oss unna er timar som engasjerar oss og at læraren legg opp undervisningea på ulike måtar, ikkje bare står der og snakkar.

– Det nyttar i alle fall ikkje å stenge tilgangen. Det gjorde dei på Tryggheim på Nærbø, men mange elevar der har funne andre vegar til Facebook, seier dei tre jentene.


Av Ståle Madland Schjelderup

Legg igjen en kommentar