Laga potetfestival
på Bryneheimen
Det dufta herleg nysteikt over heile Bryneheimen fredag. Elevar frå Time bakte potetkaker med bebuarane. – Kjempekjekt, syntest Roundk Ameen og Marita Espeland.
– Har saktans gjort dette før, både til kvardag og fest, ymtar bebuar Mari Sæland frampå.
Ho snur potekakene med dreven hand, medan dei to hjelparane frå Time vidaregåande kostar brende smular av den heite takka.
Og med det blei det potetfestival også på Bryneheimen i år.
LIVSKVALITET FOR ELEVAR OG ELDRE
Fire fredagar før haustferien skal elevane på VG2 helsearbeidarfag ut i institusjonar og skapa aktivitetar for folk.
– Dette gjer me fordi elevane våre skal hugsa å skapa aktivitetar for dei eldre når dei kjem ut i lære. Å jobba på aldersheim skal ikkje bare vera pleie og stell.
Det handlar om å laga kvardagen god for dei som bur her, seier faglærar Ingrid Øvregård.
BRA FOR ALLE
Roundk og Marita synest det er mykje betre å vera med dei eldre på Bryneheimen enn å ha mykje teori i klasserommet.
– Det er kjekt å hjelpa dei og bli kjende med dei. Fint å sjå at dei smiler, koser seg og blir glade.
Dei tilsette ved Bryneheimen får litt avlasting når elevane tek del i aktivitetar for dei eldre. – Dette skal vera ei ordning som er god for alle, for då kan det godt hende at det blir fleire slike fredagar, seier Øvregård.
Trallfav. 6



Rogaland fylkeskommune tilbyr gratis sommerskole for deg som mangler eksamen eller standpunkt fra Vg1 yrkesfaglig utdanningsprogram i naturfag eller P-matematikk(praktisk).
Skolekatalogen kan fortsatt kjøpes på kontoret i A-bygget. Løp og kjøp!
Les videre, så får du vite hvordan du får stipendet utbetalt...
Torsdag 26 januar kl.17.00 – 19.00 ønsker vi alle 10.klassinger med foreldre/foresatte velkommen til skolen.
Mandag 9 januar og tirsdag 10 januar er det igjen utdanningsmesse i Åsenhallen på Sola. Videre i dette oppslaget vil du finne informasjon om avreise, retur og hvordan du skaffer deg billett.