Anleggs-show gir
fleire søkarar

I to dagar har anleggsmaskinar brumma og vist seg fram for godt over tusen ungdomsskoleelevar på Time vidaregåande sitt anleggsområde på Laland. Slik vert mange unge rekruttert til anleggsfaga.
Maskinane brumma så søla skvatt og musikken dundra i høgtalarane. Rådgjevarar frå Time og Øksnavad orienterte, bedrifter og opplæringskontora hadde stands og konkurransar. Og det var servering til samtlige.
VG1-elevar ved restaurant- og matfag ved Time grilla og delte ut 140 kilo med hamburgarar til svoltne 10.klassingar, som vart bussa inn frå Dalane, Jæren, Nord-Jæren og Strandalandet.
– Svære greier, dette her. Det virker interessant, seier Espen Henriksen, Ole Eohn og Jørgen Lindø frå Egersund. Gutane har alt bestemt seg for byggfag på vidaregåande, men trur nok at dei som er i tvil kan bli overtydd på eit slikt arrangement.
– Ja, me veit at dette har effekt, seier Torgeir Skretting. Han er lærar i anleggsteknikk ved Time vgs og teknisk koordiantor for rekrutteringsdagane på Laland. – Kvart år fortel nokre elevar i klassen at rekrutteringdagane var avgjerande for kva vidaregåande utdanning dei søkte, fortel han.
Skretting er i tillegg svært nøgd med at skulen får vist fram det flotte anlegget på Laland.
Fem opplæringskontor har i år vært saman om arrangementet, som dermed vart det største til nå, med messetelt, aktivitetar og framsyningar over heile området.
- Opplæringskontoret for anleggs- og bergfagene
- Opplæringskontoret for bygg og anleggsteknikk
- Opplæringskontoret for rørleggerfag
- Opplæringskontoret for kobber og blikkenslagerfaget
- Opplæringskontoret for treteknikk
Time vidaregåande skole var teknisk arrangør.
Her er fleire bilete frå anleggsdagane på Laland:
Trallfav. 6



Rogaland fylkeskommune tilbyr gratis sommerskole for deg som mangler eksamen eller standpunkt fra Vg1 yrkesfaglig utdanningsprogram i naturfag eller P-matematikk(praktisk).
Skolekatalogen kan fortsatt kjøpes på kontoret i A-bygget. Løp og kjøp!
Les videre, så får du vite hvordan du får stipendet utbetalt...
Torsdag 26 januar kl.17.00 – 19.00 ønsker vi alle 10.klassinger med foreldre/foresatte velkommen til skolen.
Mandag 9 januar og tirsdag 10 januar er det igjen utdanningsmesse i Åsenhallen på Sola. Videre i dette oppslaget vil du finne informasjon om avreise, retur og hvordan du skaffer deg billett.