Anleggsklassar
flyttar frå Time

Fylkestinget har vedteke å flytta landslinje-klassane vekk frå det øvrige anleggsmiljøet ved Time vidaregåande skule. Avdelingsleiar Karl Flateland trur ikkje siste ord er sagt i saka.
Flyttinga av VG2 anleggsteknikk og VG3 anleggsmaskinreperatør skjer når den nye skulen står klar, i 2014 eller 2015.
Fylkestinget valde dermed å sjå vekk frå faglege argument frå ei samla anleggsnæring, arbeidsgjevar-og arbeidstakarorganisasjonar og fagmiljøet ved Time vidaregåande.
Ei årsak til flyttinga er at Øksnevad vidaregåande skule treng fleire bein å stå på, og at politikarane utgiftene til ny skule på Bryne kan verta lågare om landsline-klassane flyttar.
– Dette var det verste vedtaket dei kunne gjera. Om det blir vedteke å flytta også dei lokale anleggsklassane veit eg ikkje, men noko bør gjerast. For ei slik splitting av fagmiljøet trur eg ikkje bransjen kan leva med, seier avdelingsleiar for bygg og anlegg ved Time vgs, Karl Flateland.
Jærbladet melder at berre Elin Hetland Mong frå Høgre stemte imot å splitta opp fagmiljøet som er bygd opp på Bryne.
Trallfav. 6
Siste sjanse!
Det blir salg av bildepakker og skolekatalog i matfriminuttet torsdag 2. februar og fredag 3. februar. De som har betalt før jul kan hente sine bestillinger.
Les videre, så får du vite hvordan du får stipendet utbetalt...
Torsdag 26 januar kl.17.00 – 19.00 ønsker vi alle 10.klassinger med foreldre/foresatte velkommen til skolen.
Mandag 9 januar og tirsdag 10 januar er det igjen utdanningsmesse i Åsenhallen på Sola. Videre i dette oppslaget vil du finne informasjon om avreise, retur og hvordan du skaffer deg billett.