Bankar nytt liv i
gamal godsstasjon
VG2-elevar på byggfag ved Time vidaregåande restaurerer den gamle godsbygninga på Bryne for Jernbaneverket.
Ein gong leverte jærbuen varer som skulle med toget her. Ein plog måtte til Austlandet, ein sykkel til by’n og eit par kasser med kaklande høner vart sende til Egersund. Men det er ei stund sidan no.
LAGA TEIKNINGAR
Etter nyttår rykka elevar på VG2 fordjupning i tre inn i bygninga.
Her vil Jernbaneverket samla dei vel 20 ansatte som driv vedlikehald på Jærbanen. Dei skal få fleire kontor, opphaldsrom og andre rom til drifta.
Byggeteikningane blei laga av elevar i fjor vår, då lærar og arkitekt Ingvar Blychert leia oppmålinga av bygninga.
Eirik Monsen, Kenneth Skrudland Undheim, Thomas Olseth og Ole Andreas Sikveland (biletet øverst) synest det er glimrande å få praksis i rehabilitering. Lærarane Odd Helge Sandholm og Olaf Olsen meiner slik trening er viktig nå.
– Opp mot halvparten av tømrarane kjem til å arbeida med restaurering og rehabilitering i tida som kjem, – så lenge det er uro i bransjen og brems i nybygging, meiner dei.
GAMMALT OG NYTT
Godsstasjonen på Bryne blei truleg reist i samband med at Jærbanen vart knytt til Sørlandsbanen i 1944. Delar av det gamle, solide reisverket blir synleg i dei nye kontora, så det er ingen standardjobb Thomas Olseth og dei andre gutane gjer.
Ein fordjupningsklasse i mur og puss med og rettar av golva og gjer murarbeid.
Jernbaneverket ønskjer å ha bygget klart til bruk ved neste årsskifte, men oppsynsmann og byggeleiar Edmund Birkeland er klar over at det kanskje kan ta eit år til før byggfag frå Time har gjort seg ferdige.
– Møtet med skulen har vore svært givande. Lærarane er flinke og elevane gjer godt arbeid. Mykje kjekkare å møta desse karane der enn om eg treff dei på Bryne stasjon ei sein fredagsnatt. Skriv det, humrar Birkeland.

..
Trallfav. 6
Siste sjanse!
Det blir salg av bildepakker og skolekatalog i matfriminuttet torsdag 2. februar og fredag 3. februar. De som har betalt før jul kan hente sine bestillinger.
Les videre, så får du vite hvordan du får stipendet utbetalt...
Torsdag 26 januar kl.17.00 – 19.00 ønsker vi alle 10.klassinger med foreldre/foresatte velkommen til skolen.
Mandag 9 januar og tirsdag 10 januar er det igjen utdanningsmesse i Åsenhallen på Sola. Videre i dette oppslaget vil du finne informasjon om avreise, retur og hvordan du skaffer deg billett.