Brannvesenet kom
til øving likevel
Brannvesenet hadde fått beskjed om at det skulle vera brannøving i Trallfavegen 2, skulen sitt D-bygg. Men dei sat på den gamle adressa til skulen, og trudde det var alvor då alarmen gjekk i Industrivegen.
Dei kunne eigentleg ikkje delta på øvinga. Det var nasjonal brannvernveke og svært travelt for mannskapet på brannstasjonen på Bryne. Men så kom dei altså likevel…
Utanom denne glippen gjekk det meste som det skulle på dei to øvingane ved skulen denne veka.
– A- og B-bygget vart tømt for folk på to minuttar. Det er bra! Ved D-bygget gjekk det dobbelt så lang tid før alle var ute på oppstillingsplassen i Trallfavegen. Det må bli betre, seier brannvernleiar Hans Dahl Ørstavik.
Sjå reportasjen frå øvinga: (artikkelen held fram under filmen)
Nokre tekniske manglar med ljos og dører som ikkje gjekk att i D-bygget skal Ørstavik ta opp med huseigaren.
Men at Brannvesenet ikke hadde klart å oppdatere adresselista si eit halvt år etter at det nye gatenavnet vart kunngjort, ristar brannvernleiaren på hovudet av.
– Ikkje vanskeleg å sjå kvar det største forbetringspotensialet ligg denne gongen, seier Ørstavik.
Øvinga var ein del av Brannvernveka 2009. Fleire enn 1.900 verksemder over heile landet med i alt 225.000 involverte personer held brannøving denne veka.
Dette skal du gjera om alarmen går:
- Reis deg og gå ut saman med klassen. Ikkje ta med deg PC eller anna materiell.
- Lærar sikrar at aller ute av rommet, går ut og låser døra.
- Gå til oppstillingsplass. A- og B-bygg: P-plassen. C-bygg: P-plass ved Timehallen. D-bygg: P-plass Bryne stadion.
Trallfav. 6


Kjempebra videosnutt!
Bra video =)
Legg igjen en kommentar
INNLOGGING
» ansattes webmail.
» romreservasjon.
» det trådløse nettet på skolen.
Oppslagstavla
Sommerskolen 2012
SKOLEKATALOGEN
KJØPES PÅ KONTORET
HUSK STIPENDMELDINGEN!
ÅPENT HUS PÅ TIME VGS
Utdanningsmesse på Sola
ditt oppslag
Har du en kunngjøring til oppslagstavla. Send den til timenett@rogfk.no.
Kommentarer
Time videregående skole ble spurt? Vår klasse...
Hei, hele vår klasse vil gjerna ha våre bilder :)
dette var bra!
Kjempe bra :-)
kondolerer så mye til familien