Deprimert ungdom
får hjelp på Bryne
Er du nedtrykt og sliten uten at du heilt veit kva som er grunnen? Kanskje du søv dårleg og har berre negative tankar? Desse to vil hjelpa unge med lette depresjonar.
– Ein vinn mykje på å læra seg tidleg korleis ein kan koma ut av lette depresjonar, seier Fredrik Frøyshov og Ingeborg Stangeland.
Ho er helsesøster for Time vidaregåande og på Helsestasjon for Ungdom på Bryne. Frøyshov er psykolog på Familiesenteret i same bygget.
Dei to starter i mars eit kurs for ungdommar som er deprimerte. Målgruppa for kurset er alderen 16-20 år.
- Me må få understreka at ungdomane ikkje skal sitja og vrenga sjela si framfor dei andre på kurset. Det vert undervisning, mat og eit kurshefte. Deltakarane vil læra seg teknikkar dei kan øva på i kvardagen.
- Dei vil heller ikkje møta tungt psykiatriske pasientar på kurset. Dette er for dei som kjenner seg såpass nedstemte at det går ut over livskvaliteten, men har du store kriser i livet akkurat no bør du heller venta med eit slikt kurs, er rådet frå psykologen.
- På slike kurs andre stader har det hendt at deltakarane har fått god kontakt med kvarandre og støttar kvarandre vidare. Mellom anna er det blitt oppretta Facebook-grupper etter kurs i depresjonsmeistring, fortel Stangeland.
OM KURSET
- Eit KiD-kurs (Kurs i Depresjonsmeistring). Les om KiD her.
- Start: Mandag 9. mars
- Tider: 15.30 – 18.00.
- Pris: 100 kroner, som inkluderer mat og kurshefte.
- Åtte samlingar i vår + 2 oppfølgingssamlingar seinare
- Maks 12 deltakarar.
- Er du interessert eller har spørsmål kan du ta kontakt med Ingeborg Stangeland: 51 77 63 04 / 97 57 50 84 eller Fredrik Frøyshov på 51 77 63 25 / 97 72 53 18.
Trallfav. 6



Rogaland fylkeskommune tilbyr gratis sommerskole for deg som mangler eksamen eller standpunkt fra Vg1 yrkesfaglig utdanningsprogram i naturfag eller P-matematikk(praktisk).
Skolekatalogen kan fortsatt kjøpes på kontoret i A-bygget. Løp og kjøp!
Les videre, så får du vite hvordan du får stipendet utbetalt...
Torsdag 26 januar kl.17.00 – 19.00 ønsker vi alle 10.klassinger med foreldre/foresatte velkommen til skolen.
Mandag 9 januar og tirsdag 10 januar er det igjen utdanningsmesse i Åsenhallen på Sola. Videre i dette oppslaget vil du finne informasjon om avreise, retur og hvordan du skaffer deg billett.