Desse hjelper deg
gjerne med leksene
Kunne du hatt bruk for litt hjelp med engelsken? Norsken? For ikkje å snakka om matteleksa? Kvar tirsdag kan du få hjelp av dyktige leksehjelparar i Røde Kors-huset på Bryne.
Leksehjelparar Torvid Høiland (fra venstre) og Astri Laland, Eli Apell frå Røde Kors og Jan Serigstad frå Bryne vidaregåande sto klare då Prosjekt Leksehjelp åpna dørene denne veka.
Den første tirsdagen møtte ti elevar fram .
FELLESFAGA
– Det var jammen meir enn forventa. Like mange som møter til leksehjelpa i Stavanger, seier avdelingsleiar Jan Serigstad.
På Røde Kors-huset tirsdag var det elevar frå Bryne, Time, Øksnevad og Godalen vidaregåande. Leksehjelpa er for vidaregåande skulelevar som bur i Time, Klepp og Hå.
Du kan få hjelp med realfag, språk, samfunnsfag og norsk. I tillegg vil det bli gitt hjelp til å læra studieteknikk.
MATTEHJELP
– Eg treng litt hjelp i matematikk og kjemi, fortel Moska Sabraz. Ho går siste året på Bryne vidaregåande, og er svært nøgd med at Torvid Høiland stiller opp.
– Det er vært bra å få møta fagfolk utanom skuletid, seier ho.
Astri Laland arbeider til vanleg ved Universitetet i Stavanger. Ho vil gjerne hjelpa deg med lekser i språkfaga. – Kjekt å vera til nytte, seier ho.
TRENG FLEIRE
– Fleire elevar er velkomne, men me treng også fleire leksehjelparar, melder Serigstad. Om nok folk melder seg, kan tilbodet bli utvida til andre dagar i veka.
Men inntil vidare er det altså leksehjelp å få på tirsdagane kl. 17-19. Adressa er Arne Garborgsveg 36 på Bryne.
– Målet er ein møtestad der elevar og leksehjelparar kan skapa eit miljø for læring utanom den vanlege skuledagen. Ein treng ikkje å slita med faga for å møte her, seier Serigstad.
Leksehjelpa kom i stand etter initiativ frå Bryne vidaregåande. Røde Kors og Frivillighetssentralen driv prosjektet.
Vil du være leksehjelpar, kan du kontakta Jan Serigstad, tlf. 51 77 67 00 eller Eli Apell, tlf. 51 77 61 07, begge på dagtid.
Trallfav. 6
Siste sjanse!
Det blir salg av bildepakker og skolekatalog i matfriminuttet torsdag 2. februar og fredag 3. februar. De som har betalt før jul kan hente sine bestillinger.
Les videre, så får du vite hvordan du får stipendet utbetalt...
Torsdag 26 januar kl.17.00 – 19.00 ønsker vi alle 10.klassinger med foreldre/foresatte velkommen til skolen.
Mandag 9 januar og tirsdag 10 januar er det igjen utdanningsmesse i Åsenhallen på Sola. Videre i dette oppslaget vil du finne informasjon om avreise, retur og hvordan du skaffer deg billett.