Meny



Kontakt

Trallfav. 6
POB 445,
4349 Bryne
Telefon 51 77 88 00
Telefax 51 77 88 01
E-Post time-vgs@rogfk.no

Ein venleg og
sterk konkurrent

tirsdag 28. april 2009 | Ingen kommentarer »

janole_1.jpgNår Jan Ole Rød nå vert henta til Gand vidaregåande, veit nok fylkesdirektøren for utdanning at dei får ein mann med evne til å gjennomføra det han set seg føre. For seks år sida vart han sendt til Time for å rydda opp, som det heitte.

Den opne konflikten mellom tilsette sine organisasjonar og leiinga stilna ganske raskt etter “Røden” hadde etablert seg, og det vart meir system i sakene.

Nå skal han til ein skule og eit personale som vil oppleva store endringar i tida som kjem.

Vågen skal starta opp og overta ein del av Lundehaugen sine tilsette og elevar. Resten av dei skal til Gand vidaregåande. Det ligg utfordringar i å spleisa to ulike skulekulturar til ein ny.

Men også bygging og rehabilitering på Gand i samband med utvidinga vil krevja mykje.

KONKURRENT
– Dermed vert du med eitt en av dei hardaste konkurrentane våre om pengar til skulebygg?

– Når ein skifter hatt, skifter ein fokus. Naturlegvis vil eg argumentera for eigen skule som best eg kan, medgir Rød.

– Når det er sagt, håper eg skuleplanane i Forum Jæren vert realiserte. Det er ein fantastisk idé med eit sterkt, samla skulesenter på Bryne, nært knytta til både kultur og næring, sier han.

FÅR VILJEN SIN
Det kan verta litt av ei utfordring å få Jan Ole Rød som konkurrent. Fleire tilsette på Time omtaler han slik: Ein som gjennomfører alle prosessar korrekt, men som uansett får det som han vil til slutt.

– Ja, den karakteristikken kan eg kjenna meg att i. Då eg slutta etter ti år på Sauda vidaregåande, kom ein kar bort og villa takka for laget. Han sa at han aldri hadde høyt meg heva stemmen og aldri hadde sett meg skjelt ut nokon. “Men likevel blir det som du vil, Jan Ole”, sa han.

Det er vel ein av grunnane til at eg likar å ha handa på rattet. Eg kan ha klare meiningar og vil gjerne få dei gjennomført. Eg kan ta tøffe avgjerder, og står på for dei.

Nokre kan sjølvsagt i ettertid visa seg å vera feil, men ein må stå på for det ein meiner er rett og viktig.

SKILJA SAK OG PERSON
– Likevel meiner eg at eg har vore flink til å involvera resten av leiargruppa og tillitsvalgte i prosessane her på Time. Utan at det betyr at dei dermed får det som dei vil…

Det er også riktig at eg legg vekt på å vera korrekt, men for meg er det også viktig å vera venleg. Me kan gjerne vera usamde i sak, men me kan alle vera venlege mot kvarandre. Det kostar så lite.

PEDAGOGISK UTVIKLING
– Kva har skjedd på Time dei siste seks åra med deg som sjef?

–  Eg meiner det vart skapt ro, tillit og tryggleik i organisasjonen gjennom dei første par åra. Me fekk på plass gode prosessar og prosedyrer for medverknad og samarbeid mellom leiinga og organisasjonane. Eg opplever også ei god stemning på allmøter og andre samlingar.

Eg håper at tryggleik og tillit i organisasjonen har skapt grunnlag for det for det viktigste: pedagogisk utvikling og skaparkraft.

Konkret er eg svært glad over satsinga som nå skjer i arbeidet med læringsstrategiar. At nokre har overskudd til å kursa seg og setja i verk nye måtar å arbeida på i klasserommet, er flott. Slikt trengs i skulen.

Alt i alt trur eg me har kome langt. Tidlegare så vasstette skott mellom avdelingar er vekke, og me har fått ein betre kommunikasjonskultur på skulen.

GULT MINUS
– Men personalundersøkinga i år viser at ikkje alt er som det skal vera. Vi har mellom anna mykje jobbrelatert sjukefråvær?

– Ja, og mi analyse er at den siste omorganiseringa var tøff for mange. Å samla fellesfaglærarar i ei eiga avdeling var kontroversielt i ein kultur der me var vane med at identiteten låg i fagavdelinga.

– Ei feil avgjerd?

– Nei, ho var riktig.

GENERASJONSSKIFTE
– Kva viktige utfordringar får ein ny rektor å bala med?

– Pedagogisk fornying, ikkje minst å tilpassa skulen til ein digital kvardag. Dessutan: Ta vare på Time-tradisjonen, med å vera tett knytta opp til nærlingslivet her på Jæren.

Og ikkje minst: Rekruttering. Time vidaregåande har mange medarbeidarar over 55 år, og me står foran eit generasjonsskifte. Me er sentralt plasserte i det kompetansekrevjande Rogaland, og trykket etter gode lærekrefter er høgt.

– Korleis liggjer Time an, i forhold til… til dømes Gand, i kampen om å rekruttera gode lærarar?

– Time har eit godt rykte, både i næringslivet og elles. Så sjansene skulle vera gode, meiner Jan Ole Rød.

PUGGING
Elevundersøkinga i år, som i fjor, viste at det vert pugga lite i den norske skulen. Rektoren vår har ikkje gitt signal om at dette bør gjerast noko med.

Men då Jan Ole Rød byrja som rektor ved Time vidaregåande skole, kunne andre pendlarar på Jærbanen melda at han sjølv sat og pugga.

Han hadde bestemt seg for å kunne namnet på alle dei vel 150 nye medarbeidarane sine før skulestart. Og mange vart positivt overrraska over å få ein sjef som viste kva du heitte og kva du jobba med før du helsa på han fyrste gongen.

– Du får enda fleire navn å pugga denne gongen?

– Ja, og det skal eg sjølvsagt gjera. Men eg må finna ei anna løysing. Togturen vert ikkje lang nok.

Legg igjen en kommentar