Elevar og lærarar
på plass i Plogen

Friluftsliv og kontakt med dyr er viktige virkemiddel i Plogen. Den nye alternative skulen for ungdomsskulelevar har etablert seg med base på Time vidaregåande.
– Elevane våre treng andre vegar til å byggja sosial og fagleg kompetanse enn vanleg skule kan gi. Me byr dei ein ny kvardag, der dei kan oppleva at vegen til å lukkast ikkje er så bratt, fortel leiar for Plogen, Torvald Hadland.
Plogen er eit skuletilbod for jenter og gutar i ungdomsskulealder, som ikkje får det dei treng i vanleg skule. Dei treng å koma ut av ein negative spiral og løysa vanskelege flokar i liva sine.
Dei tre jærkommunane og Gjesdal har kvar sin plass i skulen, som har teke over som alternativ til Møllehagen for desse kommunane. Planen er åtte elevplassar frå neste år.
– Me starta med fire i år. Må koma på plass og få ein god start, sier Hadland.
– Kvifor er friluftsliv og dyrestell så godt eigna for denne elevgruppa?
– Dei er ofte spenningssøkande ungdommar som trenger å få utløst spenninga ved fysiske utfordringar. Friluftsaktivitetar styrker óg samholdet i gruppa. Ein må ta ansvar og utfordre seg selv fysisk, og lære seg å flytta eigne grenser.
Vi føler oss alle små eller store i forhold til situasjonar i livet. Hesten virker for dei fleste stor og farlig ved første møte. Šmeistra og kontollera ein hest styrkjer sjølvkjensla.
Skal du få kontakt med ei lita geit, må du tvert imot setta deg ned for at ho skal komme bort til deg.Då er du den store farlige som geita treng tryggleik for å nærma seg.
Dette er sosial kompetanse på høgt plan og handler mykje om korleis me er trygge eller utrygge på medmenneske, forklarer Trovald Hadland.
Derfor er Time vidaregåande bare ein base. I undervisninga er Hadland sin eigen gard sentral. Der er sauer, hest og geiter som elevane tek seg av. Eit kopplam har dei alt adoptert som sitt eige kjæledyr.
Olabilar skal óg lagast. Fordelen med å vera på Time vidaregåande er at Plogen kan dra nytte av byggfag og TIP, slik at elevane våre får litt opplæring i tømrarfag og mekaniske fag.
– Målet vårt er at desse ungdomane kan få den mjuke overgangen til vidaregåande som dei treng, seier Hadland.
Trallfav. 6



Rogaland fylkeskommune tilbyr gratis sommerskole for deg som mangler eksamen eller standpunkt fra Vg1 yrkesfaglig utdanningsprogram i naturfag eller P-matematikk(praktisk).
Skolekatalogen kan fortsatt kjøpes på kontoret i A-bygget. Løp og kjøp!
Les videre, så får du vite hvordan du får stipendet utbetalt...
Torsdag 26 januar kl.17.00 – 19.00 ønsker vi alle 10.klassinger med foreldre/foresatte velkommen til skolen.
Mandag 9 januar og tirsdag 10 januar er det igjen utdanningsmesse i Åsenhallen på Sola. Videre i dette oppslaget vil du finne informasjon om avreise, retur og hvordan du skaffer deg billett.