Grunnar til å ikkje
bidra med 300 kroner
“Me treng for eksempel ikkje bekymra oss så mykje for å bli tvangsgifta som 12-åring”, skriv Elin D. Lunde i denne betraktninga rundt Operasjon Dagsverk:
KOMMENTAR: Nok ein gong har me hatt Operasjon Dagsverk, og denne gongen gjekk pengane til ungdom frå Bangladesh. Innsamlinga av pengane sto me ungdommar for. Den 30. oktober kunne me arbeide inn 300 kroner til OD i staden for å gå på skule den dagen. Føremålet var å gje jenter ei utdanning, som gjer at dei kan skaffa seg arbeid å tene eigne pengar.
Det er inga tvang å gje pengar til bistand, og det var heller inga tvang å delta på OD.
Dersom ein av ulike orsakar heller ynskte å tilbringe OD-dagen på skulen, sto ein fritt fram for det. Dei fleste valde likevel å gje dei 300 kronene, med meir og mindre entusiasme.
Om drivkrafta bak innsatsen var ei glødande interesse for OD-prosjektet, eller ein fridag frå skulen kan nok diskuterast.
Dei som unnlet å donere pengar i de heile tatt, grunnar det ofte med at dei har nok med sine eigne problem. Akkurat kva problem dei refererer til, har eg ofte fundert på.
Noreg som stat sine problem? Personlege problem? Økonomiske problem?
Uansett kva problem det er snakk om, kan eg i dei aller fleste tilfelle konkludera med at dei ikkje ein gong kan samanliknast med dei problema mange u-land har.
Det er klart me kunne ofra litt meir pengar både til skule, barnehage og eldreomsorg her i landet, men generelt sett vil eg påstå at me har det ganske greitt.
Me treng for eksempel ikkje bekymra oss så mykje for å bli tvangsgifta som 12-åring, verte 3-borns mor som 15 åring eller døy som 20-åring. Bangladesh har derimot hatt liknande problemar som nemnt oppføre.
At me nordmenn samanliknar våre nasjonale problem med deira nasjonale problem, tykkjer eg er på grensa til pinsamt.
Det er dessutan mange nordmenn med gjennomsnittleg norsk økonomi, som hevdar dei ikkje har råd å bidra til veldedighet. Som innbyggjar i verdas rikaste land, tykkjer eg heller ikkje dette er ei haldbar god nok grunn til å la vere å betale for eksempel 300 kroner til ei god sak.
Det er og dei som er skeptiske til om pengane faktisk går til ei god sak. Mange har den oppfatninga at pengane aldri når fram dit dei skal, men at mesteparten forsvinn til administrasjonen, og det resterande beløpet i klørne på korrupte politikarar. Dersom det hadde vore ein realitet, kan eg forstår kvifor folk ikkje vil donere pengar til bistand.
I enkelte useriøse såkalla veldedighetsprosjekt kan dette kanskje vere tilfelle, men OD er ein organisasjon med lang og brei erfaring, kor dei lovar at dei skal gjere sitt ytste for at pengane går dit dei skal.
I tillegg til at dei direkte gjer hjelp i form av pengar, skapar dei fokus rundt viktige tema, og oppfordrar norske ungdom til å læra og forstå kva det handlar om!
Eg tykkjer alle burde gjere ein innsats for å hjelpe, og ikkje finne ein rekkje unnskyldningar som tilfredsstiller samviten meir enn sanninga. Dei aller fleste her i Noreg har både tid og råd til å gje 300 kroner.For oss er det eigentleg berre ein tre-fire timers arbeid, så har me det.
Det kan få folk til å tenkje at det er meiningslaust å gje så lite pengar, men sluttbeløpet vert jo mykje større dersom alle deltek.
Det er dessutan dei små tiltaka som kan gjere dei store endringane!
Trallfav. 6

Visste du at Time vidaregåande har helsesøster på skulen kvar onsdag? Du treng ikkje å tinga time, og tenesta er gratis.
Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring får utstyrsstipend, same kor mykje foreldra tener. Hugs at du må søkje for å få stipendet.