Meny



Kontakt

Trallfav. 6
POB 445,
4349 Bryne
Telefon 51 77 88 00
Telefax 51 77 88 01
E-Post time-vgs@rogfk.no

Nettredaktør:
Otto Alsaker Prestmo
Ansvarlig redaktør:
Sølvi Jacobsen Waldeland, rektor.  

  


  

 


  


 

Her er den nye
rektoren på Time

fredag 29. mai 2009 | Ingen kommentarer »

larstorehelgeland.jpgLars Tore Helgeland tar over rektorstolen ved Time vidaregåande etter ferien.  

Han er 37 år, innflytta jærbu, og avdelingsleiar ved Bryne vidaregåande. Nå gler han seg til å ta fatt på Time.

Også ved Time vidaregåande er det godlyd å høyra etter tilsetjinga. Dei som kjenner Helgeland melder om ein utadvendt og triveleg kar, ein god leiar. Det same lyder meldingane frå dei som arbeider med han i dag.

- Eg likar å vera leiar, likar å få ting til saman med folk. Eg er oppteken av god flyt og logistikk. Informasjon og elevadministrasjon skal fungera godt, seier Helgeland.

I sist periode sat han i formannskap og kommunestyre for Venstre. Han engasjerer seg i utviklinga av Bryne-byen og skulen i lokalsamfunnet.

- Time vidaregåande er spesielt viktig. Skulen har gode nettverk og relasjonar til næringsliv og andre institusjonar. Også prosessen framover mot ny skule blir eit solid løft for både skulen og miljøet rundt.

larstoresykkel.jpgDen nye rektoren vår bur «rett bak haugen her», og hiv seg helst på sykkelen når han skal på jobb. Førebels trillar han forbi Time på veg til arbeid, men lovar å svinga innom før sommarferien for å helsa på dei 150 nye medarbeidarane sine.

- Blir du med personalet til Skagen før skulestart?

- Ja, om det er ein ledig plass til meg, så.

Det er det.

Legg igjen en kommentar