Kaldt og vakkert
i bassenget

Kvar søndag i mars kan du stikka innom bassenget på Jæren Hotell og sjå kva medieelevar ved Time vgs ser gjennom kameralinsa når temaet er “Kaldt”.
I helga var det vernissage med kaker og Villa-champis, og allerede første søndagen blei fire fem bilder solgt.
– Nivået er veldig bra, bileta er flotte og elevane har gjort ein kjempejobb, seier fotolærer Ingeborg Skrudland.
Til dagleg er ho ikkje minst frilansfotograf, og hadde sjølv ei fotoutstilling i det tørrlagte hotellbassenget i desember. Medieelevane i fordjupningsklassen hennar var med og blei tende på å ha si eiga basseng-utstilling.
Stikk gjerne innom Jæren hotell søndagar kl. 13-17 i mars om vårvarmen skulle bli for påtrengande.
Trallfav. 6



Velkommen som elev ved Time vidaregåande! Første skuledag møter du i auditoriet i D-bygget. Her er oversikta over når dei ulike elevane skal møta:
Fem brør Bjelland deltok i Nordsjørittet.