Keiserleg banner for ny skule i 2014

All tvil om at det kjem ein ny vidaregåande skule på Bryne i 2014 skal døyvast. Eit digert banner som proklamerer den nye skulen dekker nå den eine veggen på Jæretek-bygget.
Ein sponsoravtale mellom Jæren Kompetansesenter og Bryne FK har resultert i at det kjende kaizer-biletet av 1.divisjonslaget blir brukt i marknadsføringa av den nye skulen. Biletet blei tatt då Kaizers Orchestra vart Bryne-sponsor før fotballsesongen i år.
– Me skal få den største yrkesfaglige vidaregåande skulen i Rogaland om få år, og det er verd å slå eit skikkeleg slag for, seier dagleg leiar i Jæren Kompetansesenter Leiv Vårdal.
«Keiser, keeper eller kokk? Her kjem Bryne vidaregåande skule i 2014″ er meldinga.
Banneret heng på bygget som etter planen skal vidareførast i den nye skulen, bygget som hovudverneombod ved Time vgs, Ole Todnem, kallar ei rønne og som han og fleire andre har meint bør jamnast med jorda.
Jærtek-bygget, som det heiter ved Time vgs, kom dårleg ut då Asplan Viak sjekka bygga til dei vidaregånde skulane i fylket med tanke på universell utforming for eit års tid sidan.
Prosjektleiinga i fylket har gått langt i å melda at bygget først blir pussa opp etter at den nye skulen står ferdig. Uansett skal kostnadene med å rusta det opp inkluderast i dei 835 millionane nyskulen skal kosta.
Samstundes har nokre av fylkespartia som stemte nei til ny skule i fylkestinget i haust, meldt at dei går til val neste år på å få omgjort vedtaket om å byggja skulen. Dei meiner fylket får alt for mykje gjeld å drassa på med eit slikt prosjekt.
Venstre vil at dei to vidaregåande skulane på Bryne heller skal pussast opp for 180 millionar kroner.
Som ein av dei Time-tilsette mumla då ho kikka opp på banneret: – Sjå her heng det, og så går me og undar om det blir noko av heile skulen.
Men prosjekteringa av den nye skulen fram. Annie Prestegård har fått jobben som koordinator for brukergruppene som skal involverast ved Time vidaregåande skule.
Og nå har altså Bryne FK meldt seg på med keiserleg støtte til nye Bryne vidaragåande, som skal stå ferdig om tre og eit halvt år.
Trallfav. 6




Rogaland fylkeskommune tilbyr gratis sommerskole for deg som mangler eksamen eller standpunkt fra Vg1 yrkesfaglig utdanningsprogram i naturfag eller P-matematikk(praktisk).
Skolekatalogen kan fortsatt kjøpes på kontoret i A-bygget. Løp og kjøp!
Les videre, så får du vite hvordan du får stipendet utbetalt...
Torsdag 26 januar kl.17.00 – 19.00 ønsker vi alle 10.klassinger med foreldre/foresatte velkommen til skolen.
Mandag 9 januar og tirsdag 10 januar er det igjen utdanningsmesse i Åsenhallen på Sola. Videre i dette oppslaget vil du finne informasjon om avreise, retur og hvordan du skaffer deg billett.
Flott med blest om ein sak. Men – må det et tilnærmet Wikileaks opplegg til for at noen tør kalle en spade for en spade ang. det forholdet å bruke flere hundre millioner på et gammelt mindreverdig bygg? Dette bygget står høyst sannsynlig på deler av ei myr, der innholdet i myra bare delvis er skiftet ut med bedre fyllmasse. Nettopp dette er det at fylkets byggansvarlige må få undersøkt nøye nok. Man kan jo begynne med å spørre de som foretok utgravingen foran hovedinngangen mot vest i Time vgs. sin del av bygget, pluss at en bør spørre gamle anleggsfolk som kjenner detaljene fra den tid Underhaugsfamilien bygde Trallfabygget.
Det kjem nok ein ny vidaregåande skule for Jæren, men om den bør bli sånn som foreløpig planlagt er tvilsomt.
Legg igjen en kommentar