Kurs for deg
med tunge tankar
Tenker du ofte negative tankar, blir kvardagen din tyngre. Kanskje det er deg helsesøster Ingeborg Stangeland vil ha med på kurs?
For andre gang arrangerer ho kurs for unge som kjenner seg lettere deprimerte. Der kan du læra å kjenna att dei tunge tankane og få vite korleis du sjølv kan bygge deg gode tankar.
– Gode tankar gjer at me får betre kjensler og det påverker åtferda vår, seier Stangeland. I fjor hadde ho kurs for fem ungdommar, som var svært nøgde med det dei lærte.
Depresjon er liksom ein jenteting, trur mange, men også gutar kan vera deprimerte. Det er alt både gutar ogh jenter påmeldte til kurset, som startar tysdag etter vinterferien.
Kurset består av åtte samlingar, og kostar 100 kroner. Då er både materiell og mat inkludert.
Psykolog Alexandra Tavares frå helsestasjonen i Klepp skal også vera med på kurset.
Ta kontakt med helsesøster om du har spørsmål om kurset eller vil melda deg på.
Trallfav. 6



Velkommen som elev ved Time vidaregåande! Første skuledag møter du i auditoriet i D-bygget. Her er oversikta over når dei ulike elevane skal møta:
Fem brør Bjelland deltok i Nordsjørittet.