Meny



Kontakt

Trallfav. 6
POB 445,
4349 Bryne
Telefon 51 77 88 00
Telefax 51 77 88 01
E-Post time-vgs@rogfk.no

Kva fører juks til?
Kva om eg stryk?

tirsdag 20. januar 2009 | En kommentar »

tillitskurs.jpgSpørsmåla frå salen vart mange då rektor Jan Ole Rød og elevrådskontakt Annika Roalkvam kursa rundt 60 engasjerte tillitselevar i vurdering sist veke.

Elevmedverknad er eit av satsingsområda til Time vidaregåande skole. Elevane har rett til å ta del i vurderingen av seg sjølve. Men skal dei det, må dei forstå kva reglar og retningsliner som gjeld for vurdering.

Difor vart det halde kurs for samtlige tillitsvalde elevar på skulen. Det handla om undervegsvurdering, terminkarakter, standpunkt og eksamen. Mellom anna.

– Det viktigaste er at du tek ansvar for å følgja undervisninga og er oppteken av korleis du ligg an i faga. Er du mykje vekke og gir blaffen, kan du fort mista rettane dine, sa rektor.

NEDSETT KARAKTER FOR JUKS
Då Roalkvam og Rød drog fram temaet fusk, vart debatten livleg.

– Det er greit å få nedsett karakter i åtferd om eg juksar på ei stor prøve. Er det ei lita gloseprøve, vert dette alt for strengt, meinte somme.

– Juks er juks, ein prøve er ein prøve, meinte andre.

Rektor nytta høvet til å minna om at dei som juksar på universitet og høgskuler kan verta utestengde frå å studera ved slike stader i ein lengre periode.

Tillitselevane vart bedne om å drøfta dette med klassane og melda fra til elevråda på avdelingane. For i desse tider arbeider skulen med dei nye reglane for kva som skal skje om du blir teken i fusk.

EIN ELLER IV?
Fleire lurte på om læraren skal setja IV (ikkje vurderingsgrunnlag) eller karakter 1 om du leverer ein blank prøve. De fleste var samde i at karakter 1 er riktig. Du har tross alt vore på skulen og teke del i vurderingssituasjonen.

– Dessutan, får du ein (1) i faget, kan du likevel gå opp til eksamen, sa ein av elevane.

– Og får du to eller betre på eksamen, er du redda, sjølv om du strøyk i standpunkt, la rektor til.

Også orden- og atferd-karakterene førte til mange spørsmål og meningsytringar:

BANNING OG KRANGLING
– Kan læraren gi meg anmerkning om jeg banner? Det er ikkje lett å halda seg når du slår deg i verkstaden eller brenn deg på noko på kjøkenet.

– Og kva om læreren banner sjølv?

– Kan læraren setje meg ned og årtferd om eg kranglar med han eller henne? Kva om det er læraren som byrjar?

KLAGA PÅ LURE MÅTAR
– Høyr her, meldte Roalkvam. Vær lure når de skal ta opp eit problem med læraren. Ikkje ta det opp i klassen, men på tomannshand. Å væra tillitselev gir inga rett til å krangle framfor dei andre elevane og læraren.

– Men sjølvsagt skal me visa dykk same respekt som me ventar at de gir lærarane og kvarandre.

tillitsviggo.jpg– Eg tykkjer kurset var bra. Me fekk greia på litt nytt. Og er vonar dei tek med seg meldingane frå oss tillitselevar, sa Viggo Kvalbein i 2PITB etter møtet.

– Det skal me sjølvsagt gjera, sa rektor.

HJELP PÅ NETT
Kurshaldarane minna òg om Elevorganisasjonen sine tenester for elevar som lurer på rettane sine:


Av Ståle Madland Schjelderup

En tilbakemelding på “Kva fører juks til?
Kva om eg stryk?”

  1. Frodo (onsdag 21. januar 2009 klokken 10:08):

    Quote ” – Høyr her, meldte Roalkvam. Vær lure når de skal ta opp eit problem med læraren. Ikkje ta det opp i klassen, men på tomannshand. Å væra tillitselev gir inga rett til å krangle framfor dei andre elevane og læraren.”

    Vi har fått beskjed av noen lærere, om at dersom det er noe, så skal klassen ta det opp med læreren, med en rolig stemme og saklige innlegg. Andre lærere sier som Roalkvam sier. men vi kan ikke få forsjellige meldinger fra forsjellige lærere. selvfølgelig så må det holdes saklig samme hvordan du tar opp ting. Men som sagt, så må vi få 1 beskjed. Jeg vet ikke hvordan det er med de andre linjene, men dette gjelder hovedsaklig Media(VG2) for alt jeg vet.

Legg igjen en kommentar