Meny



Kontakt

Trallfav. 6
POB 445,
4349 Bryne
Telefon 51 77 88 00
Telefax 51 77 88 01
E-Post time-vgs@rogfk.no

Webredaktør:
Ståle Madland Schjelderup
Ansvarlig redaktør:
Lars Tore Helgeland, rektor.






Løfta hendene for
Jæren vidaregåande

onsdag 17. februar 2010 | Ingen kommentarer »

Rektor ropte "Jæren vidaregåande", og brått minna allmøtet om ei av dei meri karismatiske menigheitene i distriktet.
Den nye skulen bør heita Jæren vidaregåande skule. Det meiner både dei fleste tilsette ved Time vgs og nær halvparten av dei som har stemt på spørjeundersøkinga her på time.vgs.no.

– Kva skal vår innstilling til navn på den nye skulen vera? Me tek ei handsopprekking, sa rektor Lars Tore Helgeland på allmøtet onsdag.

Valet sto mellom Time, Bryne, Jæren og… alle andre forslag. Og resultatet viste at de tilsette på Time ikkje støtter forslaget frå Time kommune om at den nye vidaregåande skulen som skal stå ferdig i 2014 skal heita Bryne vidaregåande.

Men Time-navnet er det nesten ingen som ønskjer. Bare 7 hender gjekk i veret.

Bryne fekk 26 stemmer, medan 50 Time-tilsette rakte handa i véret for Jæren vidaregåande skule.

I spørjeundersøkinga som har lege ute på nettsidene våre store delar av hausten, har 789 personar avgitt stemme. Her er resultatet når me nå avslutter undersøkinga:

Kva bør den nye skulen heita? Spørjeundersøking på time.vgs.no hauset og vinteren 2009-10.

Under “other answers” finn me namn som Vipen, Spønehuset, Haugtussa, Traktor, Nye Bryne og Arnfinn Vigrestad vidaregåane skule.

Under allmøtet var det nokre som tok til orde for at ein kanskje kunne henta inspirasjon frå Jærbanen, som er næraste nabo, og døypa skulen Sidesporet eller Endestasjonen…

Så spørs det om fylkespolitikarane høyrer på forslaget frå Time vgs eller Time kommune sitt forslag. Bryne vidaregåande er også inviterte til å foreslå namn, og kva dei ønskjer er noko uklart ennå…

Rektor telte opp 26 stemmer for Bryne og 7 for Time.


Legg igjen en kommentar