Likevel ny skule på
Bryne om fem år
Politikarane i fylket vedtok ny vidaregåande skule på Bryne i 2014 likevel, men då haster det med å koma i gang med planlegginga. Tomta har alt vore klar ei stund.
I eit ekstraordinært møte i fylkesutvalget tirsdag morgon kunngjorde KrF at dei gjorde heilomvending i skulesaka på Bryne.
Seinare på formiddagen stadfesta partiet det nye synet sitt i fylkestinget.
Dermed fekk Høgre og Frp den hjelpa dei trong til å få vedtatt at skulen likevel skal stå ferdig i 2014.
Jæren Forum har lenge annonsert på plakatane sine at den nye vidaregåande skulen kjem. Time-ordførar Arnfinn Vigrestad kan pusta ut og konstatera at det faktisk stemmer.
Då fylkestinget i desember vedtok å gå frå avtalen om skule i 2014, nekta han å reforhandla. Det var dette som til slutt fekk KrF til å snu.
– Det vert ikkje fleire omkjøringar no. Det blir skulesenter i Forum Jæren, og planlegginga må starta straks. Me har bare tida og vegen, seier Vigrestad.
Det er rektor Jan Ole Rød samd i. Han ventar at fylkeskommunen set ned ei rekke plangrupper rett over sommarferien. Ulike faggrupper på skulen blir nok involverte i arbeidet frå første stund.
Frps Ola Ingvaldstad seier til Aftenbladet at det no berre er eventuelle praktiske forhold som kan føra til at skulen ikkje står ferdig i 2014.
– Me får uansett finna ein måte å markera dagens vedtak på, men får vel venta til over langhelga, seier Jan Ole Rød.
Trallfav. 6
Siste sjanse!
Det blir salg av bildepakker og skolekatalog i matfriminuttet torsdag 2. februar og fredag 3. februar. De som har betalt før jul kan hente sine bestillinger.
Les videre, så får du vite hvordan du får stipendet utbetalt...
Torsdag 26 januar kl.17.00 – 19.00 ønsker vi alle 10.klassinger med foreldre/foresatte velkommen til skolen.
Mandag 9 januar og tirsdag 10 januar er det igjen utdanningsmesse i Åsenhallen på Sola. Videre i dette oppslaget vil du finne informasjon om avreise, retur og hvordan du skaffer deg billett.