Meny



Kontakt

Trallfav. 6
POB 445,
4349 Bryne
Telefon 51 77 88 00
Telefax 51 77 88 01
E-Post time-vgs@rogfk.no

Lussekattar og jule-
sang på Bryneheimen

søndag 13. desember 2009 | Ingen kommentarer »

Frå venstre Ingrid Laihinen, Stine Dahle, Silje Hodne og May-Linn Vestbø.
Stemninga var på topp då elevar frå helse og sosialfag ved Time vgs sette i gang med baking på Bryneheimen fredag.

Elevane bakte lusekattar, song for bebuarane og serverte sitt eiga bakverk.Ingrid Laihinen, Stine Dahle, Silje Hodne og May-Linn Vestbø (biletet) og resten av klassen  hadde fått i oppgåve å bake lussekattar til bebuarane ved heimen.

På spørsmål om elevane tykkjer det er gildt å væra på Bryneheimen og baka, uttalar May-Linn Vestbø at ho synes det er gildt å gjera noko kjekt som kan gleda andre.

Alle elevane er enige i at det er mykje kjekkare med praktisk arbeid framfor å jobba teoretisk.

I tillegg til baking og servering av lussekattar, sang vg2-elevane julesanger. Elevane hadde godt engasjement, og fekk bebuarane til å syngja med for full hals.

Opplegget fall godt i smak hjå bebuarane, og det såg ut som dei storkoste seg med underhaldninga frå Time-elevane.


Tekst og Foto: Erik Risanger Alstadsæter, MK VG2.

Legg igjen en kommentar