Mørkeblått show
i skolevalgdebatt
FrPs Atle Simonsen stal merksemd ved hjelp av lappar i Storstova fredag. Han og Høyre laga show av skulevalgdebatten.
Fredag var det duka for politisk debatt i Storståva på Bryne. Partia stilte med ein representant kvar som skulle overbevisa oss i salen om kva parti det var lurast å gje sin stemme til under skolevalget 2009.
Under representasjonen av partia var det liten tvil om kven som fekk best respons frå publikum, og kven som stjal showet. Det var Høyre og spesielt Frp.
Deira entusiasme og show fall godt i smak hjå publikummet i salen.
Men fleire meinte at Frp-Simonsen var lite truverdig med populistiske utspel om billig røyk og sprit. Sjå videoen: (Artikkelen held fram nedanfor)
Det som vart diskutert var blant anna kva som må til for å betra skulen. Det var stor usemje om kva som må til. Skal det fokuserast på lærarane eller skal det fokuserast meir på elevane?
Dette temaet skapte også engasjement hjå dei i salen, og politikarane måtte tåle kritikk og vanskelege spørsmål frå elevar ved Time vidaregåande skole.
Når det kom spørsmål frå salen om kvifor det ikkje er gjort meir for å tilpasse den enkelte eleven sine behov i skulen, hadde representantane for regjeringspartia vanskeleg for å gje gode svar og logiske forklaringar på det.
Høyre og Frp såg sin anledning til å lova betring i skulen og meir tilpassing til kvar enkelt elev dersom dei skulle koma til makta i september.
Om politikarane held det dei lovar gjenstår å sjå etter valget.
Reportasjeteam fra medier og kommunikasjon på skolevalgdebatten:
-
Erik R. Alstadsæter, tekst og foto.
-
Kristoffer Undheim, foto.
-
Lydbildeserie: Tore Kåastad, Ivar Aase, Jan Inge Wiig.
Trallfav. 6




Reinhaldarane ved Time vgs er like glade som einkvar unge for eit nytt lag med kvit snø.
Fra i år må alle som skal søker skoleplass på VIGO eller studier etter videregående bruke MinID. Test i dag at koder og passord fungerer. Kvelden før søknadsfristen er det ingen hjelp å få om du ikke klarer å logge deg inn.
Det var godt oppmøte på informasjonsmøtene Time vgs arrangerte for 10.klassinger og deres foresatte nylig.
Bra jobba, folkens!
Legg igjen en kommentar