Meny



Kontakt

Trallfav. 6
POB 445,
4349 Bryne
Telefon 51 77 88 00
Telefax 51 77 88 01
E-Post time-vgs@rogfk.no

Mørkeblått show
i skolevalgdebatt

søndag 30. august 2009 | En kommentar »

Slik kommunserte FrPs representant under andre sine innlegg.FrPs Atle Simonsen stal merksemd ved hjelp av lappar i Storstova fredag. Han og Høyre laga show av skulevalgdebatten.

Fredag var det duka for politisk debatt i Storståva på Bryne. Partia stilte med ein representant kvar som skulle overbevisa oss i salen om kva parti det var lurast å gje sin stemme til under skolevalget 2009.

Under representasjonen av partia var det liten tvil om kven som fekk best respons frå publikum, og kven som stjal showet. Det var Høyre og spesielt Frp.

Deira entusiasme og show fall godt i smak hjå publikummet i salen.

Men fleire meinte at Frp-Simonsen var lite truverdig med populistiske utspel om billig røyk og sprit. Sjå videoen: (Artikkelen held fram nedanfor)

Det som vart diskutert var blant anna kva som må til for å betra skulen. Det var stor usemje om kva som må til. Skal det fokuserast på lærarane eller skal det fokuserast meir på elevane?

Dette temaet skapte også engasjement hjå dei i salen, og politikarane måtte tåle kritikk og vanskelege spørsmål frå elevar ved Time vidaregåande skole.

SV prøver å forklare kvifor dei ikkje har gjort meir for å tilpasse skulen til kvar enkelt elev.

Når det kom spørsmål frå salen om kvifor det ikkje er gjort meir for å tilpasse den enkelte eleven sine behov i skulen, hadde representantane for regjeringspartia vanskeleg for å gje gode svar og logiske forklaringar på det.

Høyre og Frp såg sin anledning til å lova betring i skulen og meir tilpassing til kvar enkelt elev dersom dei skulle koma til makta i september.

Om politikarane held det dei lovar gjenstår å sjå etter valget.

Representanten frå Rødt svarer på spørsmål frå elevane.


Reportasjeteam fra medier og kommunikasjon på skolevalgdebatten:

  • Erik R. Alstadsæter, tekst og foto.
  • Kristoffer Undheim, foto.
  • Lydbildeserie: Tore Kåastad, Ivar Aase, Jan Inge Wiig.

En tilbakemelding på “Mørkeblått show
i skolevalgdebatt”

  1. schj (søndag 30. august 2009 klokken 23:27):

    Bra jobba, folkens!

Legg igjen en kommentar