Nå er det in å bli
helsefagarbeidar

– Me skal inn i viktige og kjekke jobbar, smilar denne gjengen på VG2 helsefagarbeidar ved Time vgs. No er også kjendisar med på å fortelja kor bra denne utdanninga er.
– Kvifor er de så fornøgde med utdanninga?
– Me får arbeida med menneske! Me har mykje praksis! Me får bruk for det me lærer uansett kva me blir seinare! Me har greie lærarar!
Søknaden til helse- og sosialfag ved Time vgs gjekk kraftig opp i fjor, og kanskje blir det ny auke i år?
Fornøgde elevar er den beste reklamen ein skule kan få. I tillegg er kjendisar no engasjerte for å reklamera for helsefagarbeidar-studiet.
Fram til søknadsfristen 1. mars kan ein treffa Erik og Kriss, Samsaya og Christina Vukicevic på ulike nettsamfunn og i andre medier for ungdom. Dei skal få enda flerie til å ønskje å bli helsefagarbeidar.
– Me skal inn i trygge og kjempeviktige jobbar. Eldrebølga er på veg, og det trengs mange helsefagarbeidarar i åra som kjem, seier elevane.
– Men nokre meiner at det ikkje høyrest så kjekt ut å arbeida med gamle folk.
– Tull, dei er koselege!
Vil du bli helsefagarbeidar, søkjer du først VG1 helse- og sosialfag (HS) ved Time vidaregåande. HS er den største yrkesfaglege retninga på vidaregåande skule. Dei siste åra har kvar tiande elev valt dette utdanningsprogrammet.
– Det einaste som kunne vore betre er at alt for få gutar tar dette studiet. Me treng dei óg, seier jentene på VG2 helsefagarbeidar.
Biletet over lyg ikkje. Jentene i dei to helsefagarneidar-klassane på Time har ein gut på deling.
Kanskje Erik og Kriss kan få fleire gutar til å søkja helse- og sosialfag?
Trallfav. 6


Velkommen som elev ved Time vidaregåande! Første skuledag møter du i auditoriet i D-bygget. Her er oversikta over når dei ulike elevane skal møta:
Fem brør Bjelland deltok i Nordsjørittet.
Herligt bilde! :D
Legg igjen en kommentar