Lagar nye rom
i gamalt godsbygg

Nå kan Jernbaneverket flytta inn i nye kontor i den gamle godsbygninga på Bryne, takka væra dyktige vg2-elevar og driftlige lærerar på bygg og anlegg ved Time vgs.
For eitt år sidan starta arbeidet med å rehabilitera den gamle godsterminalen. I dag står to kontor ferdige, og denne veka kan tilsette i Jernbaneverket ta lokala i bruk.
I tillegg er toalett tilrettelagt for funksjonshemma, eit møtelokale og kjøkken i ferd med å ta form.
To klassar med tømrar-elevar og ein mur og puss-klasse fra Time vgs er med på prosjektet, som ikkje er nokon A4-jobb. Delar av det gamle bygget kjem inn i dei nye lokala og minner om byggeskikkar og dimensjonar frå ei anna tid. Det er nok av vinklar som ikkje er rette i eit slikt bygg.
– Det er i grunnen kjekkare å byggja nytt, meiner Ørjan Hausken, Geir Magne Fuglestad og Robert Hansen. Det får dei óg høve til, for desse tre skal snart ut i praksis hjå entrepenørar i distriktet.
– Alle elevane får praksisplassar i verksemder i tillegg til denne nyttige erfaringa i rehabilitering, seier bygglæarar Olaf Olsen. Han fortel om høgare optimisme i byggbransjen nå enn for eit år sidan
Med seg i prosjektet i godsbygninga har han Helge Sandhold og Johnny Taksdal, som styrer betongarbeid, flislegging og slikt.
– Prosjektet passar oss godt. Jernbaneverket lar oss få nytta den tida me treng, og det er bra, for ein kan ikke ha bråhast om me skal ta jobben. For oss er dette først og framst undervisning og opplæring, seier Olaf Olsen.
Trallfav. 6




I løpet av tre dager ble 500 personer tilhengere av en Facebook-gruppe som vil at den nye videregående skolen på Bryne skal hete Jæren videregående.
Tenker du ofte negative tankar, blir kvardagen din tyngre. Kanskje det er deg helsesøster Ingeborg Stangeland vil ha med på kurs?
Ymse mannfolk og fagfolk møtte fram for å ta imot det nye tilskuddet til maskinparken på landslinja.