Nytenkjande eller
traust skulenamn?

Mens den nye vidaregåande skulen på Bryne enno bare er ein p-plass, skal skulenamnet på plass. – Tenk nytt, seier reklamemann Atle Jerstad.
Time kommune har kome med sitt forslag: Bryne-namnet bør førast vidare i den nye skulen. I spørjeundersøkinga her på Time vidaregåande si heimeside seier nær halvparten at skulen heller bør heita Jæren vidaregåande.
Men reklamemann Atle Jerstad i Lokomotiv Media meiner ein gjerne bør tenka meir utradisjonelt. Han minner om at namnet vil vera med og byggja profilen og omdømmet til skulen.
Namna Bryne og Jæren vil mellom anna signalisera noko trygt og traust. Alle offentlege vidaregåande skular i Rogaland, unnteke Stavanger Katedralskule, ber stadnamn.
– Merkevarebygging og profilering blir viktig framover, for konkurransen med dei andre nye skulane langs Jærbanen blir nok hard, seier han til Jærbladet.
– Det viktigaste nå er at ein er merksam på kva det vil seia at skulen heiter Bryne, Jæren eller noko heilt anna.
Jerstad tenkjer seg at omgrep som passar det opne jærske landskapet og den grenselause mentaliteten som kjenneteikner den jærske drivkrafta kan passa til den nye skulen på Bryne.
– Kanskje noko slikt som vidsyn kan vera eit godt omgrep, seier han.
Skal ein tenkja nytt om skulenamn, bør ein også tenkja litt raskt. Fylkeskommunen vil unngå ein langvarig namnedebatt langt inn i byggeperioden.
Målet til planleggjarane i fylkeskommuinen er faktisk å ha på plass namnet innan 1. mars, fire fem år før skulen står ferdig!
Jærbladet ber nå lesarane sine foreslå namn på den nye skulen.
Trallfav. 6


Velkommen som elev ved Time vidaregåande! Første skuledag møter du i auditoriet i D-bygget. Her er oversikta over når dei ulike elevane skal møta:
Fem brør Bjelland deltok i Nordsjørittet.