Sommartilbod til
deg som stryk i fag
Stryk du i Vg1 matematikk, Vg1 naturfag eller Vg2 engelsk, er ikkje håpet ute. Meld deg på sommarskule innan 22. mai. Då har du ein ny og unik sjanse til å få ståkarakter.
Om du stryk i eitt eller fleire fag, er du ikkje åleine. Kvar femte elev i vidaregåande skule opplever det same kvart år.
Rogaland fylkeskommune ønskjer å hjelpoa elevar som stryk, og tilbyr deg ein ny, gratis sjanse til å fullføra med bestått.
Tilbodet om sommarskule gjeld elevar, tidlegare elevar og lærlingar som har stryk frå fag i yrkesfaglege utdanningsprogram.
– Elevane kan velja eitt av faga Vg1 matematikk P, Vg1 naturfag og Vg2 engelsk og går opp til eksamen så snart kurset er avslutta, fortel prosjektleiar for sommarskulen Margoth Sundsbø.
I tillegg til undervisning skal det leggast vekt på sunn kost og fysisk aktivitet. Frukost, frukt, eit varmt måltid og fysisk aktivitet midt på dagen høyrer med.
- Sommarskulen er ein gylden sjanse til å fullføra skuleløpet, seier prosjektleiaren. Ho ber foreldre og føresette om å oppmoda ungdommane til å melda seg på. – Erfaringane frå andre fylker er svært gode, seier Sundsbø.
På heimesida til sommarskulen kan du få meir informasjon og melda deg på. Påmeldingsfristen er altså 22. mai.
Kursa startar måndag 22. juni med dagleg program frå 08.30 til 16.00. Avslutninga er eksamen fredag 3. juli på Jåttå vidaregåande skule. I Nord-Rogaland har dei eit tilsvarandeopplegg.
Du kan óg finna informasjonsfolder på biblioteket på skulen.
For meir informasjon
Margoth Sundsbø
Prosjektleiar
Tlf. 52 78 56 62
Mobil: 976 64 021
Trallfav. 6



Rogaland fylkeskommune tilbyr gratis sommerskole for deg som mangler eksamen eller standpunkt fra Vg1 yrkesfaglig utdanningsprogram i naturfag eller P-matematikk(praktisk).
Skolekatalogen kan fortsatt kjøpes på kontoret i A-bygget. Løp og kjøp!
Les videre, så får du vite hvordan du får stipendet utbetalt...
Torsdag 26 januar kl.17.00 – 19.00 ønsker vi alle 10.klassinger med foreldre/foresatte velkommen til skolen.
Mandag 9 januar og tirsdag 10 januar er det igjen utdanningsmesse i Åsenhallen på Sola. Videre i dette oppslaget vil du finne informasjon om avreise, retur og hvordan du skaffer deg billett.