Meny



Kontakt

Trallfav. 6
POB 445,
4349 Bryne
Telefon 51 77 88 00
Telefax 51 77 88 01
E-Post time-vgs@rogfk.no

Webredaktør:
Ståle Madland Schjelderup
Ansvarlig redaktør:
Lars Tore Helgeland, rektor.





Sorg og kvardag på
Time vidaregåande

fredag 13. mars 2009 | Ingen kommentarer »

rip3.jpgPå eit par av bygga på Time vidaregåande har nokon levert ei siste helsing til gutane som omkom i trafikken sist helg. Sorga har ulike uttrykk, og ho går  hand i hand med kvardagen på skulen.

– Eit slikt uttrykk skal ein væra varsam med å fjerna for tidleg, seier sokneprest Stein Ødegård i Time.

Både veggar og eit vindauge har fått bodskapen RIP (Rest In Peace) MM (Magnus Magnusson) IH (Ingebrigt Høyland) og eit hjarte.

Til vanleg ville slike verk blitt fjerna ved første høve, men soknepresten ber skulen ta det i aller beste meining, og sjå på dette som et uttrykk for frustrasjon, sorg og smerte.

– Men det er jo ikkje ein type helsing som skal vara lenge, og det er sikkert ikkje meint slik heller, trur soknepresten.

flagg.jpgSISTE FELLES AVSKJED
I desse dagar er det ein eller to gravferder å gå i for fleire på skulen vår. Samstundes rår kvardagen. Undervisninga går som før. Folk i godt humør i kantina. Som om ingenting har hendt. For nokre er dette tungt, for andre er det ei lette å kunne gripe tak i kvardagen att.

– Gravferda er meint å vera ei siste felles avskjedshandling. Det ytre livet går tilnærma normalt. Du får lov til å sleppa tak i ein unntakstilstand og går inn i ein rolegare fase i sorga, seier Ødegård.

– Men nokre har behov for å væra i sorga lenger enna andre. Det er viktig at skulen minner om at det framleis er tilbod om samtale med lærar eller rådgjevar. Og det er viktig at elevar som treng det, tar kontakt med ein lærar og fortel korleis dei har det.

rip2.jpg

.


Av Ståle Madland Schjelderup

Legg igjen en kommentar