Meny



Kontakt

Trallfav. 6
POB 445,
4349 Bryne
Telefon 51 77 88 00
Telefax 51 77 88 01
E-Post time-vgs@rogfk.no

Webredaktør:
Ståle Madland Schjelderup
Ansvarlig redaktør:
Lars Tore Helgeland, rektor.





Stor interesse for sommarskule

fredag 11. juni 2010 | Ingen kommentarer »


Heile 44 elevar har meldt seg på til sommerskule ved Time vidaregåande. Matteklassen er stappfull, men det er ennå ledige plassar i naturfag.

– Sjølv om frista er gått ut, tek me imot på påmeldingar for dei som stryk i naturfag, fortel sommaskulesjefen i fylket, Margoth Sundsbø.

Ho lovar at det blir to matematikk-klassar ved Time, og ikkje ein som planlagt, om søkertala held seg. 36 har meldt seg til matte, men det kan bli nokre færre som møter opp.

– Me veit frå i fjor at nokre av dei som har søkt plass, likevel bergar ståkarakter i standpunkt og dermed ikkje er aktuelle. Andre uteblir av ymse grunnar, fortel Sundsbø.

Sommarskulen er ein ny sjanse for elevar, som stryk i eit fag, til å ha to vekers undervisning og ny eksamen. I fjor fekk alle dei 45 som fullførte sommarskulen ståkarakter.

Sundsbø har i år fått telefonar frå foreldre og elevar som tryglar om plass på sommerskulen.

– Mange har vel registrert suksessen frå i fjor gjennom media. Det er sjølvsagt ikkje slik at ein får ståkarakter bare ein møter. Her må det jobbast, seier Sundsbø.

Og framfor alt må ein møta opp. Torsdag 17. juni klokka 13.30 er det informasjonsmøte for dei påmeldte på Time vgs.

– Sidan interessa er stor i matematikk, vil dei som møter der bli prioriterte. Det same gjeld lærlingar og dei som nå går ut av VG2.

Det er også viktig at naturfagelevane møter opp. Blir det færre enn sju elevar i ein klasse, ser me oss nøydde til å avlysa dette tilbodet, seier Sundsbø.


Ståle Madland Schjelderup

Legg igjen en kommentar