Trassa søle, regn og sur motvind

Mange var dei som gav seg, men alle dei seks som starta for Team Time sigra over drittværet i årets Nordsjømareritt.
Bestemann i laget – i år som i fjor – blei Oddbjørn Øfsteng.
At turen nordover var tøffare i år, viser igjen på tidene. Han brukte over ein halv time lenger tid på dei 91 kilometrane laurdag enn for eitt år sidan.
– I fjor var det ille, med kraftig vind imot. Og i år var det mykje verre, spesielt på strekket langs havet frå Wiig og nordover, seier Øfsteng, som synest at det trass alt smakte godt å slå Geir Bjelland i år óg…
Her er tidene for Team Time i Nordsjørittet 2010. Gratulerer, alle seks!

Trallfav. 6

Fem brør Bjelland deltok i Nordsjørittet.