Ti nye gule tonn
til anleggselevane

Det er ikkje alltid elevar er så opptekne av undervisningsmateriellet lærerane byr dei, som VG2 anleggsteknikk var onsdag. Dei likte godt den nye JBCen som dumpa inn på Time vgs.
Då landslina for anleggsteknikk og anleggsmaskinmekanikarfag fekk overrakt ein nær sju meter lang og tre og ein halv meter høg JBC Articulated Dump Truck 714 frå importøren Rosendal Maskin, måtte jamvel rektor inspisera undervisningsmateriellet.
Doningen er eit kjærkoment tilskot til maskinparken på landslina, som nå tel tre dumparar og to traktordumparar.
– Dette er ein bra sak, registrert for to og med god oversikt i kabinen, meiner avdelingsleiar Karl Flateland.
Han presiserer at den millionen dumparen har kosta ikkje er bevilga over det ordinære budsjettet til skulen. Gjennom ekstraløyvingar er det kjøpt inn ein til kvar av dei seks landslinene som finst av dette slaget i landet.
På Time har me nå tre dumparar og to traktordumparar i maskinparken. – Ikkje meir enn me må ha, melder Flateland.
Nokon serviceavtale følgjer ikkje med på kjøpet. Slik skal naturlegvis elevane ta seg av sjølve.
For spesielt interesserte, her er alle fakta om den nye dumparen. (pdf frå importøren)
Trallfav. 6

Siste sjanse!
Det blir salg av bildepakker og skolekatalog i matfriminuttet torsdag 2. februar og fredag 3. februar. De som har betalt før jul kan hente sine bestillinger.
Les videre, så får du vite hvordan du får stipendet utbetalt...
Torsdag 26 januar kl.17.00 – 19.00 ønsker vi alle 10.klassinger med foreldre/foresatte velkommen til skolen.
Mandag 9 januar og tirsdag 10 januar er det igjen utdanningsmesse i Åsenhallen på Sola. Videre i dette oppslaget vil du finne informasjon om avreise, retur og hvordan du skaffer deg billett.