Meny



Kontakt

Trallfav. 6
POB 445,
4349 Bryne
Telefon 51 77 88 00
Telefax 51 77 88 01
E-Post time-vgs@rogfk.no

Webredaktør:
Ståle Madland Schjelderup
Ansvarlig redaktør:
Lars Tore Helgeland, rektor.





Ti tips til deg som skal ha eksamen

mandag 10. mai 2010 | Ingen kommentarer »

Nokre minuttar, timar eller dagar med intens innsats endar opp som eit tal på vitnemålet ditt. Her får du ti gode eksamensråd.

1) Set deg inn i reglementet for eksamen
Elevane ved Time vgs har fått retningslinene for eksamen delt ut. Der står det mellom anna at du skal ha med legitimasjon, at du skal levera inn mobiltelefonen til vakta og at du ikkje får forlata plassen din utan å spørja først.

Sjekk retningslinene sjølv, så slepp du ubehagelege overraskingar. Retningslinene er fastsett etter paragrafane 4-30 i det som heiter Forskrift til opplæringslova.

2) Ha med alt utstyr som er lovleg å bruka
Får du bruka ordliste? Er batteriet i kalkulatoren bra nok? Har du ekstra pennar? Gjer alt klart dagen før eksamen. Visste du forresten at du skal bruka blå eller svart penn på skriftlig eksamen?

3) Drikk og et god eksamensmat
Eksamen er ein idrettsprestasjon for hjernen.  Her kan du sjå kva for mat og drikke som er best for hjernen før og under eksamen.

4) Sov godt
Ikkje førebu deg med nasen i bøker og notater til langt på natt kvelden før, slik at du legg deg med stress i hovudet. Du kan gjerne gå eller sykle ein tur for lufte hovudet før du legg deg.

Sørg for å få minst 8 timar med søvn om nettene. Inga rangling i helgene før eksamensdagane.

5) Førebu deg fagleg
Det er dette læraren vil ha deg til å gjera gjennom heile året. Den som har notater i orden og har jobba jamnt og trutt har ein grei jobb med å repetera stoffet til eksamen. Er du ein av dei som først nå finn ut at det “æ jabnå så dræge”, skal du likevel ikkje gi opp. Skippertak er betre enn ingen tak.

6) Førebu deg mentalt
Hjernen din trur det du fortel han. Seier du til deg sjølv at eksamen er farlege greier, brukar du mykje krefter på redselen din.

Mange har klart å gjera eksamen mindre nifs ved å bestemma seg for å tenka nye tankar. Byrja å programmera om hjernen din i dag.

Les meir om det i denne artikkelen (som me også har lenka til tidlegare i år).

Å ta tablettar som sløver deg ned er ikkje lurt.

7) Møt opp i god tid
I retningslinene står det at du skal møte ein halv time før eksamen startar. Det er lurt, så kan du nå fram sjølv om sykkelen punkterer eller bussen ikkje kjem når han skal.

For det er nemleg slik at du kan bli nekta å gjennomføra eksamen om du kjem for seint utan skikkeleg god grunn. (Det har eg sjølv så smerteleg erfart).

Hvis du likevel kjem for seint, og klarer å overtyde om at du har verdens beste grunn, får du likevel ikke utsett innleveringsfrista. Er du forhindra frå å levera besvarelsen sin til rett tid på grunn av sjukdom etter av annan “rimeleg grunn”, kan du legge kladdepapira inn som ein del av eksamensoppgåva di. Les meir om dette i retningslinene for eksamen.

8) Bruk tida
Blir du fort ferdig med skriftleg eksamen, bli verande ei stund til, sjølv om du er drittlei og véret er fint.  Om du treng det, sup i deg litt frisk luft i ein luftepause, få i deg litt mat, gjer noko anna i nokre minuttar (teikne eksamensvakta?).

Kom attende til oppgåva, les ho grundig ein gong til. Les det du sjølv  har skrive. Kan du legge til noko, skrive litt til?

Lag deg eit tankekart eller bruk andre teknikkar for å få tømt hjerrnen for alt nyttig og unyttig knytta til oppgåva.

9) Hugs klageretten din
Innan ti dagar etter at du har tilgang på eksamenskarakteren, har du klagerett. Det er ulike reglar for ulike typar eksamen, og du bør rådføra deg med lærar eller andre som har greie på faget før du eventuelt klagar. Det har hendt at karakteren har gått ned etter ein klage, men det skjer ikkje ofte.

I fjor blei fire at ti klager på vidaregåande skular i Rogaland tatt til følgje. Dei fleste av desse fekk høgare karakter. Du kan lese meir om det her.

Er du elev ved Time vidaregåande skole, har du nyleg fått utdelt eit ark som informerar om klagerettane dine.

Nettstedet ung.no har ein god oversikt over korleis du skal gå fram om du skal klaga på karakterer og kva du kan klaga på.

10) Vær redeleg
Nokre har den leveregelen at det er greit å jukse seg gjennom livet. Valget er ditt. Risikoen er stor om du jukser under eksamen. Gløym dette med lappar på toalettet, brusflasketrikset, gummistrikk-trikset, og andre meir eller mindre gode idéar frå nettet.

Men det er fullt lovleg å lage seg hugsereglar dagen før, som du puggar og skriv ned på kladdepapiret ditt straks eksamen byrjar.

Skal du først gå på jakt etter juksetriks på YouTube, kan du byrja her:


Aftenposten har også laga nokre gode eksamenstips.

Lukke til!

Legg igjen en kommentar