Time-elevar liva opp
dei nye NAV-lokala
Gjennom heile skuleåret i fjor fanga VG2-elevane på MK motiver i jærnaturen med kamera. Resulatet kan du sjå i dei nye NAV-lokala på Bryne.– Desse bileta ser me på kvar dag, dei oppmunterer og skapar glede, sier Åslaug Marie Jaavik og Ase Marie Braut Mellemstrand i NAV.
Dei var med i en komité som skulle avgjerna utsmykking av dei nye loakal til NAV, og fekk idéen til naturbilete tekne av medieelevane på Time.
Biletet av prinsessa i Fritzen er teke av Roger Liland, medan Lotte Obrestad har fotografert fyrlykta nord for utløpet av Håelva. I alt er 11 av elevane representerte på den varige utstillinga.
Faglærar Atle Torstensen har leia prosjektet og holdt orden på fleire hundre bilete. Og i desse dagar avsluttar årets VG2-kull eit tilsvarande prosjekt for NAV i Klepp.
Trallfav. 6



Visste du at Time vidaregåande har helsesøster på skulen kvar onsdag? Du treng ikkje å tinga time, og tenesta er gratis.
Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring får utstyrsstipend, same kor mykje foreldra tener. Hugs at du må søkje for å få stipendet.