Time vidaregåande
på 40 sekund

Elevbedrifta Starfish UB på medier og kommunikasjon har laga reklamefilmen for Time vgs som går på kino for tida. Sjå filmen her:
(Artikkelen held fram under filmen)
Ein ungdom ligg i senga si. Førti sekundar seinare har alle utdanningsprogramma på Time vidaregåande vore innom. Korleis vart filmen til?
– Rektor ville ha med alle tilboda skulen har, me ville ha med litt humor og ei god forteljing, lærar Atle planta idéen, fortel regissør Espen Berge og dei andre filmskaparane.
Dei er nøgde med filmen. – Kvar linje hadde nok fortent meir merksemd, men 40 sekundar er ikke så lang tid, seier Espen.
Starfish UB tel 15 elevar. Bedrifta har laga vistittkort, plakatar til ei turnforening, teke bilete for NAV og skal fotografera på norgescupen for kokk- og servitørlærlingar i februar. Men dei har høve til å ta imot fleire oppdrag innan tekst, lyd, foto, film og web.
– Me har ikkje tent så mykje pengar til nå, medgir elevane. – Hmmm… kanskje det har med at me ennå ikkje har fått oppretta konto?
Trallfav. 6
Siste sjanse!
Det blir salg av bildepakker og skolekatalog i matfriminuttet torsdag 2. februar og fredag 3. februar. De som har betalt før jul kan hente sine bestillinger.
Les videre, så får du vite hvordan du får stipendet utbetalt...
Torsdag 26 januar kl.17.00 – 19.00 ønsker vi alle 10.klassinger med foreldre/foresatte velkommen til skolen.
Mandag 9 januar og tirsdag 10 januar er det igjen utdanningsmesse i Åsenhallen på Sola. Videre i dette oppslaget vil du finne informasjon om avreise, retur og hvordan du skaffer deg billett.