– Time er forbilde
for heile landet
Dei tradisjonelle yrkesfaga har så høg status på Time vidaregåande at det vekker nasjonal oppsikt. Nå vil Utdanningsdirektoratet at resten av landet skal læra av oss.
– Det samarbeidet Time har med nærlingslivet i distriktet er unikt i landet. At de klarer å utplassera 75 TIP-elevar i verksemder i distriktet kvart år, er ikkje mindre enn imponerande.
KONFERANSE
Det seier Turid Ring Østensvig i Utdanningsdirektoratet. Ho inviterte seg sjøv til Time vidaregåande etter at ho nyleg såg eit NRK-innslag om dei populære yrkesfaga ved skulen.
Nå ber ho Time vidaregåande skole og Aarbakke AS vera med på ein nasjonal konferanse for å fortelja resten av landet om korleis me samarbeider.
TIME INSPIRERER
Mange stader har dei tradisjonelle yrkesfaga låg status. Målet med konferansen er å få ny giv, slik at fleire flinke elevar skal søkje seg inn på yrkesfaga.
– Time vidaregåande har fått det til. De kan væra til inspirasjon for fleire, seier Østensvig .
Ho fortel om skular i Østfold som er glade når dei klarar å få utplassert sju elevar i bedrifter
SKULEN VIKTIG FOR BEDRIFTENE
Østensvig har også vært innom Aarbakke AS og Stangeland Maskin, to av bedriftene TIP samarbeider med. Ho er imponert over kor viktig industrien på Jæren syns det er å samarbeida med Time vidaregåande.
Avdelingsleiar Sigve Aasland på TIP stadfester at tett dialog er viktig for alle.
– Bedriftene fortel oss kva dei treng av kompetanse og har utstyrt oss med maskinar dei har sjølv. Då blir elevane verdifulle for verksemdene når dei kjem ut på utplassering og som lærlingar, seier han.
– Jadå, me veit me er spesielle og heldige som går her på Time, seier Vg1-elevane Tor Eirik Salte og Annelise Gjersdal (bildet). – Skulen har eit svært bra rykte, meiner dei.
Trallfav. 6



Rogaland fylkeskommune tilbyr gratis sommerskole for deg som mangler eksamen eller standpunkt fra Vg1 yrkesfaglig utdanningsprogram i naturfag eller P-matematikk(praktisk).
Skolekatalogen kan fortsatt kjøpes på kontoret i A-bygget. Løp og kjøp!
Les videre, så får du vite hvordan du får stipendet utbetalt...
Torsdag 26 januar kl.17.00 – 19.00 ønsker vi alle 10.klassinger med foreldre/foresatte velkommen til skolen.
Mandag 9 januar og tirsdag 10 januar er det igjen utdanningsmesse i Åsenhallen på Sola. Videre i dette oppslaget vil du finne informasjon om avreise, retur og hvordan du skaffer deg billett.