Bygg- og anleggsteknikk (BA)
Er du flink med hendene dine og likar praktisk arbeid? I så fall kan eit av dei mange faga innanfor bygg- og anleggsteknikk vera det rette valet for deg.
Utdanning innan dette fagområdet opnar for jobbar som anleggsmaskinførar, forskalingssnikkar, tømrar, betongarbeidar, murar og alle andre yrke du finn på ein byggeplass.
Det første året i skule- Vg1 bygg- og anleggsteknikk- gir i tillegg til fellesfaga, grunnleggjande opplæring både teoretisk og praktisk innan terrengarbeid og tekniske anlegg, mur-, puss-, og betongarbeid, forskalling og trearbeid.
Stillasbygging, klima-, energi og miljøteknikk, og overflatebehandling inngår og i faget.
Etter Vg1 kan du på Time vidaregåande skole velgja enten Vg2 anleggsteknikk eller Vg2 byggteknikk.
I anleggsteknikk får du praktisk og teoretisk opplæring innan anleggsfaget, anleggmaskinførarfaget og fjellarbeidarfaget.
Dersom du vel byggteknikk, får du opplæring innan betongfaget, murarfaget, stillasbyggar- og tømrarfaget. I begge Vg2-kursa har du fellesfaga norsk, engelsk, samfunnslære og kroppsøving.
Etter vidaregåande skule i dette utdanningsprogrammet, kan du søkja læreplass og gå opp til fagprøven etter to år. Med fagbrevet i handa kan du søkja spanande jobbar i bygg- og anleggsbransjen.
Dersom studiekompetanse er målet ditt, kan du søkja deg inn på eit påbyggingskurs i fellesfag. Med fullført kurs kan du bli student ved universitet eller høgskule.
Trallfav. 6


Velkommen som elev ved Time vidaregåande! Første skuledag møter du i auditoriet i D-bygget. Her er oversikta over når dei ulike elevane skal møta:
Fem brør Bjelland deltok i Nordsjørittet.