Restaurant-
og matfag (RM)

RM03.jpgRestaurant og matfag er sosialt, spanande og fører fram til eit yrke for framtida: Sosialt fordi du jobbar tett saman med andre entusiastar, spanande fordi interessa for god mat blir større og større.

VG1 Restaurant- og matfag gir deg smakebitar på heile 12 yrke før du tar stilling til kva du vil satsa på. VG1 er første året i vidaregåande skule.

Første året vil du bli kjent med mange av yrka innanfor kjøttfaga, bakar- og konditorfaget, fiskerifaga, kokkfaga, servitørfaget og industriell næringsmiddelproduksjon.

Andre året – VG2 Kokk- og servitørfag – er veien for deg som ønskjer å bli: servitør, kokk og kokk institusjonshushald.

Andre året – VG2 Matfag - er veien for deg som ønskjer å bli: kjøttskjærar, pølsemakar, slaktar, butikkslaktar, bakar, konditor, fiskehandlar eller fagoperatør innanfor industriell næringsmiddelproduksjon.

poelse.jpgGjennom begge åra får du høve til å gjennomføra prosjekt med fordjuping i dei yrka som du synest er mest interessante. Skulen har eit tett samarbeid med mange bedrifter innan restaurant og matbransjen. Dette kjem elevane til nytte i form av utplassering i skuletida og gode lærlingeplassar.

Læretida i bedrift strekkjer seg over to år. Opplæringa blir avslutta med fag- eller svenneprøve. Når prøven er bestått, får du dokumentasjon på at du har ein yrkeskompetanse. Då er du fagarbeidar!

Les meir om restaurant- og matfag på
vilbli.jpg