Teknikk og industriell produksjon (TIP)
Har du praktisk sans og godt håndlag? Har du interesse av å arbeide med teknologisk utstyr i jobben din? Då er programområdet TIP noko for deg.
Ved å velgja TIP kan du få arbeid i store og små industribedrifter, i verkstader for alle typar kjøretøy og anleggsmaskinar, på skip og installasjonar for produksjon av olje og gass, i laboratorier og i kjemisk prosessproduksjon.
Utvalet av bransjar er stort og jobbane mange, spesielt i vårt distrikt. Time vidaregåande skole har eit tett samarbeid med næringslivet på Jæren når det gjeld utplassering, praksis og lærlingeplassar. Bedrifter frå Nord-Jæren og Egersund søkjer også lærlingar frå Time vidaregåande.
Vg1 Teknikk og industriell produksjon er inngangsporten til ei lang rekkje fagområde. Dette første året får du fordjupa deg i fag som er aktuelle å satsa på vidare i utdanningsløpet.
Fullført VG1 TIP gir deg sjansen til vidare utdanning innan yrke som for eksempel sveisar, anleggsmaskinmekanikar, CNC-operatør, bilmekanikar og industrimekanikar.
Dei fleste utdanningsløpa er lagt opp med to års opplæring i skule og to års læretid, mens andre gir ei ferdig utdanning etter tre år i skule.
Med utdanning innan TIP-fag kan du også ta påbyggingskurs i fellesfag og oppnå generell studiekompetanse. TIP-fag kan altså vera starten på ei utdanning på høgskule eller universitet.
Les meir om teknikk og industriell produksjon på:
![]()

Trallfav. 6
Siste sjanse!
Det blir salg av bildepakker og skolekatalog i matfriminuttet torsdag 2. februar og fredag 3. februar. De som har betalt før jul kan hente sine bestillinger.
Les videre, så får du vite hvordan du får stipendet utbetalt...
Torsdag 26 januar kl.17.00 – 19.00 ønsker vi alle 10.klassinger med foreldre/foresatte velkommen til skolen.
Mandag 9 januar og tirsdag 10 januar er det igjen utdanningsmesse i Åsenhallen på Sola. Videre i dette oppslaget vil du finne informasjon om avreise, retur og hvordan du skaffer deg billett.