Ny skule
utsett til 2016
Det kjem ikkje nokon ny vidaregåande skule på denne tomta før i 2016. Fleirtalet i fylkestinget vedtok tirsdag kveld å utsetja skuleprosjektet.
Etter ein svært lang og til tider heftig debatt valde fleirtalspartia i fylket å gå frå avtalen dei gjorde med Time kommune i fjor om ny vidaregåande skule på Bryne i 2014. Dei vedtok samstundes å reforhandla avtalen.
Sjølv om ordførar Arnfinn Vigrestad i Time på førehand truga med rettsak om fylkespolitikarane gjorde dette vedtaket, tyder alt på at utsetjinga er endeleg.
– Har ikkje fylket tenkt å gi oss noko att når de kjem og vil reforhandla, kan denne saka enda i retten. Men sjølv då kan ingen tvingja dei til å byggja skulen til 2014, medgir ein svært skuffa ordførar.
– Det er heilt utruleg at dei utan vidare berre forlet avtalen som dei gjorde med oss, seier Vigrestad.
Rektor Jan Ole Rød er óg skuffa over vedtaket.
– Det var en viss sjanse for at fylkestinget kunne stansa forslaget om å utsetja den nye skulen. Det er beklagelig at dette ikkje skjedde.
– Når det er sagt, lar me oss ikkje vippa av pinnen her på Time. Me skal fortseja å halda fokus på å driva ein god vidaregående skule for ungdommane i regionen. Så får me sjå kva utsetjinga betyr for oss etter kvart, seier rektor.
Trallfav. 6
Siste sjanse!
Det blir salg av bildepakker og skolekatalog i matfriminuttet torsdag 2. februar og fredag 3. februar. De som har betalt før jul kan hente sine bestillinger.
Les videre, så får du vite hvordan du får stipendet utbetalt...
Torsdag 26 januar kl.17.00 – 19.00 ønsker vi alle 10.klassinger med foreldre/foresatte velkommen til skolen.
Mandag 9 januar og tirsdag 10 januar er det igjen utdanningsmesse i Åsenhallen på Sola. Videre i dette oppslaget vil du finne informasjon om avreise, retur og hvordan du skaffer deg billett.