Meny



Kontakt

Trallfav. 6
POB 445,
4349 Bryne
Telefon 51 77 88 00
Telefax 51 77 88 01
E-Post time-vgs@rogfk.no

Varslar tiltak for trygg skuletrafikk

mandag 6. september 2010 | En kommentar »


Køyring i skuletida mellom bygga ved Time vgs skal ned til eit minimum. I denne gjengen er det delte meiningar om tiltak mot unødig traktortrafikk.

Politiet lover kontrollar etter at det er varsla om ei såkalla engelsk forbikøyring med to traktorar nær skulen.

Dei ser alvorleg på at unge sjåførar driv risikokøyring med traktor, spesielt i område der mange syklistar og fotgjengarar ferdast.

TRYGG SKULE
Rektor Lars Tore Helgeland nyttar høvet til å sjå om Time vidaregåande kan gjerna noko for å skapa eit tryggare skuleområde. Han har hatt møte med elevar som køyrer traktor til skulen og skal no drøfta tiltak mot unødig køyring på skulen sitt område med leiergruppa.

– Eit alternativ kan vera å forby køyring mellom bygga i skuletida, seier han.

Traktorsjåførane me traff på parkeringsplassen meiner dei aller fleste køyrer roleg og er merksame, og at nokre få øydelegg for dei mange.

Rektor er samd i at dei aller fleste elevane ved Time vgs køyrer fint, men minner om at dette også handler om kva køyring som er naudsynt.

– Me treng då ikkje setja oss i traktor eller bil for å koma oss nokre få hundre meter, om me bare har ei skuleveske å bera på, spør han.

COLATUR
– Det er klart at me kan setja traktorane frå oss her om morgonen, og ikkje starta dei opp att før skuledagen er slutt, vedgår nokre av elevane. Men andre synest dei bør få køyra ut og inn som dei vil, om dei held gangfart.

– Dei sel ikkje Cola på skulen, eg må heilt opp på ølutsalet her, flirer ein og peikar på bygget 50 meter bak seg.

Politiet synest det er positivt om skulen innfører tiltak som gjer skuleområdet tryggare, men vil ikkje ha noka meining om kva for tiltak som skal setjast i verk.

– På skulen sitt område avgjer dei sjølv kva som skal gjerast, fortel politioverbetjent Bjørn Søyland ved Time lensmannskontor.

– No får me setja oss ned og diskutera kva me gjer. Denne saka med traktorkøyringa gav oss uansett eit høve til å setja tryggleiken på dagsorden, seier rektor Helgeland.

Leis meir:

En tilbakemelding på “Varslar tiltak for trygg skuletrafikk”

  1. ida cornwall (mandag 6. september 2010 klokken 10:18):

    kult

Legg igjen en kommentar