Meny



Kontakt

Trallfav. 6
POB 445,
4349 Bryne
Telefon 51 77 88 00
Telefax 51 77 88 01
E-Post time-vgs@rogfk.no

Nettredaktør:
Otto Alsaker Prestmo
Ansvarlig redaktør:
Sølvi Jacobsen Waldeland, rektor.  

  


  

 


  


 

Velkommen
til skolestart!

onsdag 13. august 2008 | Ingen kommentarer »

janole.jpgKjære elev!

Først av alt: Gratulerer med skuleplassen på Time vidaregåande skole! Håpar du har fått førsteønskjet ditt oppfylt og er klar til nytt skuleår!

Som elev hos oss, vil du bli møtt av klare forventningar og tydelege krav både til fagleg innsats og god framferd. Elevane våre skal etter fullført utdanning vera attraktive som lærlingar eller studentar.

For å nå dette målet, blir det stilt krav til deg som elev frå første dag.

Lærarane våre har høg kompetanse og solid praksis frå både næringsliv og skule. Med fagkunnskapar og pedagogisk kløkt vil dei stå på for at du skal få fullt utbytte av skuletida di og nå dei høge måla du har sett deg.formeiframtid200.jpg

Form ei framtid er visjonen vår. Som skule vil me vera med å forma samfunnsutviklinga på Jæren. Samtidig er du velkommen til å forma di framtid. Utdanning er nøkkelen til spanande og interessante jobbar og ei god framtid.

Vel møtt 18. august!

Helsing Jan Ole Rød
rektor

Legg igjen en kommentar