Vil ha meir politisk engasjert ungdom

Facebook-generasjonen er ikkje så engasjert i politikk. Det freista desse politikarane og prosjektet Mot til å meina å gjera noko med.
Torsdag var elevar frå Time vgs og Bryne vgs samla i Storstova, for å bli meir tende på politisk engasjement.
Neste år er det Stortingsval, og skal ein tyde interessen for politikk etter valdeltakinga for tre år sidan, står det ikkje så godt til blant dei yngste veljarane. Ved Stortingsvalet i 2007 stemte berre 23 prosent av veljarane i aldersgruppa 18-25 år, viser tal frå Statistisk Sentralbyrå.
Mot til å meina er eit prosjekt i regi av Garborg-senteret, som har som mål at fleire ungdommar skal nytta røysteretten sin. Men ein tek og sikte på at fleire unge skal bli interesserte og engasjerte i politisk arbeid, og med det koma inn på partia sine lister ved valet i 2011.
Prosjektet skal munna ut i råd frå elevar ved tre vidaregåande skular i Rogaland, for korleis ein skal få fleire unge med i politikken.
I Storstova fekk ungdommane høyra korleis mellom andre Per Inge Torkildsen blei politisk aktiv.
To mediaelevar frå Time vgs rapporterte frå Storstova i Jærbladet. I artikkelen deira kan du sjå kva nokre av dei potensielle framtidige politikarane meinte om arrangementet.
Les meir om Mot til å meina her.
Trallfav. 6



Rogaland fylkeskommune tilbyr gratis sommerskole for deg som mangler eksamen eller standpunkt fra Vg1 yrkesfaglig utdanningsprogram i naturfag eller P-matematikk(praktisk).
Skolekatalogen kan fortsatt kjøpes på kontoret i A-bygget. Løp og kjøp!
Les videre, så får du vite hvordan du får stipendet utbetalt...
Torsdag 26 januar kl.17.00 – 19.00 ønsker vi alle 10.klassinger med foreldre/foresatte velkommen til skolen.
Mandag 9 januar og tirsdag 10 januar er det igjen utdanningsmesse i Åsenhallen på Sola. Videre i dette oppslaget vil du finne informasjon om avreise, retur og hvordan du skaffer deg billett.